![]() |
Det har alltid vore god skikk å by gjestar på det beste huset har. Med rett mat er dette mogleg også i vår hektiske tid, som f.eks. eit variert og spanande spekematfat.

Med vår nye Eldhus-serie av spekepølser, spekepålegg og spekeknask kan du sjølv komponera og servera nydeleg spekemat utan at det vert dyrt. Server flatbrød og rømme til, potetsalat, eggerøre og strimla salat er også godt attåt.
Du vil snart oppdaga at dette er utsøkt mat som skapar hyggje og god stemning, ikkje minst fordi eldhusrøykt gir ei god smaksoppleving.