![]() |
Tradisjon og omtanke kjenneteiknar produkta våre.
Den ubrotne tradisjonen går framleis i arv frå ein generasjon til neste. Vi kallar det handlingsboren kunnskap.
Kor mykje og kor ofte ein skal røyka, kor lange kvileperiodar kjøtet skal ha innimellom og lengda på tørketida er eit handverk som krev lang læretid.
Årstida, temperaturen ute, vind og fuktig ver har innverknad. Og kor tid har ein oppnådd riktig farge og smak?
Tilsette med lang røynsle har tålmod med naturens mange sider og passar heile tida på at resultatet vert det beste.