Søk:

 
Du er her: Forside / Oppskrifter / Spekematfat 

Verktøylinje

Spekematfat

Frå Eldhus på Evanger kan du setja saman eit spanande spekematmåltid. Rekn 120 - 150 gr pr. person og bruk så mange variantar som mogleg.

Skjer opp spekematen i tynne skiver, terningar og stavar. Dette anrettar du på ei trefjøl eller eit fat. Lag til ein dipp av rømme eller creme fraiche som er tilsett litt urtar og krydder. Til garnityr er det godt med grønsaker skjert i stavar. Det smakar òg godt med ein grøn salat i tillegg.