Søk:

 

Verktøylinje

Røyking med oreved

På riktig tidspunkt vert det tent i røykbålet for første gang, det skjer på golvet. Høvelspon frå or vert nytta til opptenning.

Bålet skal helst ikkje brenna med open flamme, berre gløda og ulma. Oreveden er ein framifrå kulturberar. Vi kjøper den frå bønder i lokalmiljøet, dei har dette som ein tilleggsaktivitet no som før.

Etter ei viss røyketid skal pølsene kvila, så skal dei igjen røykast, for deretter å kvila. Slik går det føre seg i fleire veker, og intervalla endrast etter kvart som prosessen skrid fram og tilhøva ligg til rette. Ingen røyking er lik.

I sluttfasen er handverkaren einerådande, sansane og erfaringane avgjer: Kneppa med hendene, sjå og vurdera, fargen, tjukkleik, men også det uidentifiserte, her må det også følast kva som er riktig.