![]() |
Det er lite arbeid å laga til pinnekjøt og ein treng få panner. Du reknar omlag 3 timar frå pinnekjøtet vert sett på kok til det er ferdig. Planleggjng av arbeidet er halve jobben.
Velg kjøt med god marmorering, det gir mest smak. Pinnekjøtet må skjerast opp mellom beina med kniv. Bruk sag eller øks på ryggraden. Det vert fine serveringsstykker om beina ikkje vert delt i to og du unngår att kjøtet kokar sundt.
Pinnekjøtet vatnast ut i kaldt vatn, omlag 12 – 15 timar.

Finn ei høveleg stor gryte, legg skrella bjørke-pinnar eller ei rist i botnen på panna, slik at det er plass til vatn (3-5 cm over botn). Vatnet skal dekkja pinnane/rista. Legg pinnekjøtet i panna, lagvis. Set på kok i omlag 2,5 – 3 timar på svak varme. Kjøtet skal berre dampa. Hugs lok. Pass på at ikkje kjelen kokar tørr.
Skjer opp kålrot og eventuelt poteter, legg dette i ei panne og fyll vatn til over grønsakene. Tilset litt salt og kok i min. ½ time til dei er godt møre. Sil av litt væske og mos kålrota i panna med ein mosar eller hurtigmixar. Tilset peper, salt og muskat etter smak. Ha i ein god smørklatt til slutt. Ein kan og tilsetja litt fløyte.
Potetene bør helst vera av den lettkokte og mjølne sorten. Kok desse på vanleg måte og sil av vatnet. Damp ut resten av vatnet i potetene på den varme plata slik at dei vert mjølne og tørre.
Mange likar å grilla pinnekjøtet rett før servering. Legg pinnekjøtet på ei steikeplate med aluminiumsfolie, slå grillelementet på fult og set pinnekjøtet i omnen. Det tek omlag 5 min. Server direkte etter grilling.
Det er viktig å servera pinnekjøtet med ein gong det er tatt ut av panna eller steikeomnen, då unngår du at at kjøttet vert tørt.