Søk:

 
Du er her: Forside / Oppskrifter 

Verktøylinje

Oppskrifter

Kva gir forbrukaren seg ut på når valet fell på eldhusrøykte matvarer?

Når ein har valt å bruka eldhusrøykte produkt frå Eldhus AS på Evanger, har ein allereie tatt eit bevisst val. Dette er matvarer, som er plukka spesielt ut for det føremål å ivareta dei rike tradisjonane ein har på Evanger med å salta og røyka kjøtet på ein særeigen måte.

Det er brukt oreved, med eigenskaper som gir ein spesiell smak. Det gjer og at varene får ein naturleg konservering, som gjer att ein ikkje treng tilsetningsstoff i prosessen.

Salting, røyking og tørking er tufta på ei lang erfaring for å oppnå ein optimal modning, i eit spesielt klima som ein ikkje finn mange andre stader i landet.

Når ein vel å kjøpa mat frå Eldhus på Evanger er ein og sikra ein kvalitet som fagfolka på den tradisjonsrike bedrifta står bak.

Dei er stolte av varene sine, og står gjerne til disposisjon for ytterligare å kunne gi deg meir informasjon om den unike prosessen desse varene er laga på, eller korleis du skal gå fram for å få ei stor matopleving for deg og dine gjestar.

Helsing Gunnar Nagell-Dahl