![]() |
Lammebog med kålrotstappe, smørdampa rotgrønsaker og kvit saus. Du reknar omlag 2 timar på heile tillaginga.

Ta lammebogen ut av pakken og skyll i kaldt vatn. Legg deretter lammebogen i ei gryte med rikelig vatn. Varm opp til kokepunktet og la kjøtet trekkja i omlag 2 timar. Server direkte frå gryta.
Kålrot stappe:
Kutt opp grønsakene til kålrotstappen og la desse koka i 1/2 - 1 time. Sil av noko vatn og tilset salt, pepar og muskat, mos dette i panna med ein potetmosar eller bruk ein stavmixar. Tilset smør og smak til med fløyte (om ønskjeleg).
Grønsaker: 
Skjer opp rotgrønsaker i terningar: Gulrot, kålrot, celleri og purreløk. Ha litt smør i ei panne eller steikepanne (wok), tilset grønsakene i lag med litt urtar som oregano, timin eller rosmarin ( etter smak) og litt salt. Surr dette i smøret i 5 - 10 min.
Saus:
Lag ein kvit saus og bruk litt av krafta frå kjøtkjelen, smak til med salt og pepar, og tilset litt fløyte. Smelta smør eller sjy (kraft) kan serverast til i staden for saus. Server kjøtet på fat saman med grønsaker og kålrotstappe, poteter og saus serverar du i eigna skåler.
Nyt måltidet.