![]() |
Eldhusrøykt Fenalår av lam er nydeleg røykt spekemat, framstilt av utsøkt lammekjøt. Låra vert salta, modna, røykt og tørka i dei raude eldhusa på Evanger. Den elegante smaken har eit særpreg som berre tradisjonsrik eldhusrøyking kan gi.
Med eit eldhusrøykt fenalår er det lett å trylle fram ein velsmakande rett. Ein kniv er alt du treng. Kan brukast til forrett, til lunsj eller på kaldbord saman med annan spekemat. Litt eggerøre set ein ekstra spiss på måltidet. Spekemat av fenalår og eit godt glas øl er ein fin kombinasjon – framføre peisen eller TV-en, utandørs ved bålet, på terrassen, på piknik eller i båt.
Ingrediensar:
Lammelår, salt, sukker og eldhusrøkt. Til 100 g ferdigvare er det brukt 152 g kjøtt.