Søk:

 

Verktøylinje

Eldhusa

Vi har 5 eldhus som er delt inn i 12 rom. Her held vi dei gamle tradisjonane i hevd og fører vidare ein av dei eldste og finaste mattradisjonane på Vestlandet. Metoden gir perfekt modning og den heilt spesielle smaken.

Men eldhusa kan vera lunefulle. Inne kan temperaturen også verta for høg, som i sommarhalvåret. Ved for høg varme går prosessen for fort. Erfaringane viser likevel at fårepølsa er hardfør. På varme dagar er det berre forsvarleg å røyka om føremiddagen, ettermiddagen vert for heit.

Temperaturen ute påverkar altså prosessen og dei tiltak som vert sett i verk. Men temperaturen inne i eldhuset er heller ikkje like jamn alle stadar. Om sommaren er det høgast temperatur langs veggane og kjøligare midt inne i rommet. Vinterstid er det motsett: Kaldt langs veggane og varmast midt i rommet. Er det rart at dette krev kunnskap og erfaring?