![]() |
"Eldhusrøykt på Evanger" vert Eldhus.

Ein tradisjon sin evne til å overleva ligg i om ein maktar å utvikla den, heiter det. Ikkje uventa kallar vi dei endringane vi no gjer for nettopp tradisjonsutvikling. I vår tid er andre lands matkulturar også ei kjelde til inspirasjon. Det har vi også gjort noko med, til glede for mange, håpar vi.
Eldhus har laga Tiriltunga fårepølse samanhengande sidan 1934. Den byggjer på ein fleire hundreår gamal tradisjon i spekematbygda Evanger. Saman med eldhusrøykt fenalår, pinnekjøt, gardspølsa, spekemorr og lammebog er ho det leiande produktet fra Eldhus.
Målsetjinga vår er å gi deg ei framifrå matoppleving og endå betre tilgong på produkta. For dette er mat for mange og ulike høve; mat til fest og høgtid gjennom ulike årstider, men ikkje berre det. Eldhus er også mat til helg og heimekos, som også kan vera med i tursekken så vel som i båten. Med spekemat kan du lett trylla fram eit velsmakande måltid, ein kniv er alt du treng.
Ver med på ei reise gjennom historia som har gjort Evanger til Vestlandet si spekematbygd og som samstundes viser kva som ligg bak ”Eldhusrøykt på Evanger”. Og det beste av alt er at historien og tradisjonane er meir levande enn nokon gong.